Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Barnehagen i Svolvær som tidlegare nekta menn å skifte bleier på barna, har no snudd i saka.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 18:01
I april blei det kjent at menn ikkje fekk lov til å skifte bleier på barn i Osanstua barnehage i Svolvær. Praksisen hadde dei hatt i mange år, men no har barnehagen endra praksis, skriv Lofotposten.
– Saman med styret og foreldra har vi kome fram til at alle tilsette kan skifte bleier, seier dagleg leiar Beate H. Johansen til NRK.
Ho håpar at avgjerda vil skape ro rundt barnehagen og etterlyser samtidig nasjonale retningslinjer for førebygging av seksuelle overgrep i barnehagane.
– Det har aldri vore så viktig med menn i barnehagen som no. Vi håpar debatten om førebygging av overgrep blir halden ved like, og at regjeringa snart kjem med nokre konkrete tiltak som blir innført nasjonalt, seier ho til NRK.
Praksisen med at berre kvinner fekk lov til å skifte bleier på barna i Osanstua barnehage, blei innført i kjølvatnet av Bjugn-saka. (©NPK)