Annonse

Barnetrygd ei budsjettnøtt som kan bli løfta ut av forhandlingane

KrFs krav om ein skattefinansiert auke av barnetrygda ligg an til å bli delvis løfta ut av forhandlingane om statsbudsjettet neste år.

KrF-modellen med ein skatteauke på 10 milliardar kroner over dei neste åra for å jekke opp barnetrygda for første gong på 20 år, vil neppe komme på plass i dei pågåande budsjettforhandlingane mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF.

Spørsmålet er kor mykje KrF reelt kan håpe å få når det berre er neste års statsbudsjett det skal bli forhandla om - i eit rom der motparten snarare vil senke enn auke skattane.

Forhandlingstema

KrFs nestleiar og finanspolitiske talsmann Kjell Ingolf Ropstad slår fast at budsjettforhandlingane ikkje er tid og stad for fullt gjennomslag for KrFs skattefinansierte modell over fleire år.

- Ein auke av barnetrygda vil vere tema, både her i budsjettforhandlingane, men òg for dei neste åra. Vi skal jo òg inn i sonderingar med dei same partia. Ein auke i barnetrygda vil vere tema der og i eventuelle forhandlingar, seier Ropstad på spørsmål om KrF kan nøye seg med å få «litt no» - mot løfte om meir om partiet går inn i regjering.

Mogleg helgejobb

Regjeringspartia hadde ikkje noko nytt tilbod klart til å levere over bordet då Høgre, Framstegspartiet og Venstre gjekk inn til det tredje forhandlingsmøtet med KrF om statsbudsjettet neste år torsdag føremiddag.

- Det blir meir eit arbeidsmøte, i alle fall i starten. Vi har rørt oss i rett retning. Tonen i rommet er god, sa Frps finanspolitiske talsmann Helge Andre Njåstad på veg inn.

- Stemninga er god og vi rører oss raskt framover, var løypemeldinga frå Høgre sin finanspolitiske talsmann og leiaren til finanskomiteen Henrik Asheim.

Budsjettforhandlarane har frist til tysdag om å bli einige. Ifølgje Ropstad kan det ligge an til at dei borgarlege finanspolitikarane tek helga i bruk for å bli ferdige.

(©NPK)

FrP's finanspolitiske talsperson Helge Andre Njåstad (nummer tre frå høgre), finanspolitisk talsperson i Høgre, Henrik Asheim og visepresident på Stortinget, Abid Raja før ein ny runde med budsjettforhandlingar torsdag føremiddag. Vi ser også KrF's finanspolitiske talsperson, Kjell Ingolf Ropstad og parlamentarisk nestleiar i KrF, Hans Fredrik Grøvan.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

KrF's finanspolitiske talsperson Kjell Ingolf Ropstad sier at deira krav om skattefinansiert auke av barnetrygda vil være tema både i budsjettforhandlingane, i regjeringssonderingar og eventuelle regjeringsforhandlingar. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix