Klargjør siden...

Barnevernet varsla om overgrepssak i Bergen i 2014

(NPK-NTB): Barnevernet i Bergen melde til politiet det dei meinte var seksuelle overgrep mot barn allereie i 2014. Saka blei lagt til sides før nye bevis førte til at tre personar denne veka blei arrestert og sikta.

Ein av dei tre sikta er tidlegare dømt for overgrep mot barn. Ein av dei sikta mennene blei i 2010 dømt til åtte månaders fengsel for overgrep mot ei 15 år gammal jente

– Vi blei varsla av barnevernet, seier politiadvokat Inger-Lise Høiland i Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Ho fortel at barnevernet melde saka til politiet allereie i 2014, men at den blei lagt til sides i februar i år grunna mangel på bevis.

Nye bevis i saka førte til at to menn og ei kvinne blei meldt og arrestert onsdag denne veka. Kva slags bevis det er snakk om, ønskjer ikkje Høiland å seie noko om.

To av dei sikta blei framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett fredag formiddag. Det siste fengslingsmøtet starta klokka 12.45. (©NPK)

Annonse