Annonse

Bayern München må spele for tomme tribunar

Frå laurdag blir det ingen tilskodarar på heimekampane til Bayern München. Det har styresmaktene i den tyske delstaten Bayern bestemt.

Annonse

Tyskland har vorte hardt ramma av koronasmitte den siste tida, noko som har fått fleire delstatar i landet til å innføre tiltak for å avgrense smitten.

Torsdag vart det klart at lokale og nasjonale styresmakter set ei øvre grense på 15.000 tilskodarar, og no har lokale styresmakter i Berlin sett ei grense på 5.000 tilskodarar.

Fredag bestemde lokale styresmakter i Bayern seg for at det ikkje blir nokon tilskodarar på arrangementa i delstaten. Det er ikkje kjent kor lenge tiltaka vil vare.

Tiltaka trer i kraft laurdag, men då speler Bayern bortekamp mot Dortmund og Erling Braut Haaland. Der blir det truleg 15.000 tilskodarar på tribunen.

(©NPK)

Bayern München må spele for tomme tribunar framover. Foto: Martin Meissner / AP / NTB