Annonse

Belgisk lærar suspendert etter å ha vist Muhammed-karikatur

Ein lærar i Brussel-forstaden Molenbeek er suspendert etter å ha vist fram ei karikaturteikning av profeten Muhammed til klassen.

Læraren viste fram teikninga då han diskuterte drapet på den franske læraren Samuel Paty med elevane.

Paty fekk hovudet skore av etter å ha vist fram ei karikaturteikning av profeten Muhammed frå det franske satiremagasinet Charlie Hebdo.

Den belgiske læraren viste fram ei av dei same teikningane og er no suspendert.

– Avgjerda vår byggjer eine og åleine på det faktumet at dette er obskøne bilete. Vi hadde gjort det same sjølv om teikningane ikkje hadde førestilt profeten Muhammed, seier ein talsmann for ordføraren i Molenbeek, ein bydel med mange muslimske innbyggjarar.

(©NPK)