Benjamin Netanyahu lever på lånt tid

Israels statsminister Benjamin Netanyahu lever på lånt tid etter valnederlaget. No ventar rettsleg høyring og truleg tiltale.

Med 99,8 prosent av stemmene talt opp, er nederlaget smerteleg klart for Benjamin Netanyahu og høgrepartiet hans Likud.

Likud måtte nøye seg med 31 av dei 120 representantane i Knesset, og Netanyahus tidlegare støttespelarar i dei høgrenasjonalistiske og ultraortodokse partia fekk heller ikkje nok stemmer til å kunne berge han.

Tidlegare forsvarssjef Benny Gantz og sentrumsalliansen Blått og kvitt vart vinnarane i valet og sikra seg 33 representantar. Heller ikkje dei har nok støtte frå andre parti til å kunne danne regjering.

Nye konstellasjonar må til, noko Netanyahu raskt innsåg då resultata byrja å tikke inn. 69-åringen inviterte til regjeringssamarbeid mellom Likud og Blått og kvitt og foreslo at han sjølv og Gantz kunne byte på å vere statsminister.

Gantz avviste forslaget tvert og understreka at statsministerposten er hans.

Absurd spel

- Netanyahu driv eit absurd og heilt gjennomsiktig spel, meiner kommentatoren Yossi Verter i den israelske avisa Haaretz.

- Han lèt som om det er han som kontrollerer situasjonen, men bløffen er heilt openberr, meiner han.

President Donald Trump, som har slutta heilhjerta opp om Netanyahu, mellom anna ved å anerkjenne Jerusalem som Israels hovudstad og dei syriske Golanhøgdene som israelsk territorium, har alt vendt den israelske statsministeren ryggen, meiner Verter.

- Trump hatar taparar, han foraktar dei faktisk, skriv han.

Samtalar

Søndag innkallar Israels president Reuven Rivlin Gantz og Netanyahu til samtalar, saman med leiarane av resten av partia i Knesset.

Alt tyder på at Gantz vil få oppdraget med å danne regjering, og Blått og kvitt-leiaren har då 28 dagar på seg til å forhandle fram ein styringsdyktig koalisjon.

Om det trengst, kan presidenten forlenge denne fristen med 14 dagar.

Løpet køyrd

For Netanyahu er løpet dermed køyrd. Håpet hans var eit raskt attval, og dessutan at støttespelarane hans i Knesset skulle vedta ei lov som sikra han immunitet mot straffeforfølging.

Israelsk politi har sikta Netanyahu for bestikkingar, bedrageri og økonomisk utruskap, og Israels riksadvokat Avichai Mandelblit har tilrådd at det blir tatt ut tiltale.

2. og 3. oktober må Israels lengst sitjande statsminister møte til rettsleg høyring, og ho vil etter at å dømme bli følgd av ein formell tiltale.

- Festen er over. Det blir ingen immunitet mot straffeforfølging, overprøving av høgsterettsavgjerder, inga utsetjing av høyringa eller sparking av riksadvokaten, konstaterer Verter, som meiner at alle vegar no fører til fengsel for Netanyahu.

(©NPK)

Høgrepartiet Likud tapte valet i Israel, og for statsminister Benjamin Netanyahu kan det ende med fengsel. Han er sikta for bestikkingar, bedrageri og økonomisk utruskap, og kona Sara er alt funnen skyldig og dømt for misbruk av offentlege midlar. Foto: AP / NTB scanpix

Klokka tikkar for statsminister Benjamin Netanyahu i Israel, der Benny Gantz (bildet) og sentrumsalliansen Blått og kvitt blei valvinnarar. Foto: AP / NTB scanpix