Annonse

Kommunane får beskjed om å planleggje oppfriskingsdose til alle over 45 år

Statsministeren og helseministeren ber kommunane førebu oppfriskingsstikk til alle over 45 år og dessutan alle i helse- og omsorgstenesta.

Annonse

Samtidig blir det planlagt vidare for at også alle over 18 år skal få tilbod om dette.

– Det er viktig at kommunane held fram vaksinasjonen med full styrke. Det viktigaste er å gi tredje dose til dei over 65 år, etter det må dei halde fram med dei ned til 45 år. Eg ønskjer å gi kommunane føreseielegheit for at vaksinasjon med tredje dose skal halde fram, slik at dei ikkje byggjer ned kapasitet, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Alle tilsette i helse- og omsorgstenesta skal tilbydast ein oppfriskingsdose, ikkje berre dei med pasientkontakt.

– Det gjer vi både for å tryggje fagfolka som jobbar i helse- og omsorgstenesta og for å førebyggje smittespreiing og verne pasientane betre, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Sende brev

I tillegg skal òg dei frå 18 år og oppover som er i risikosona (underliggjande medisinske tilstandar), bli tilboden ein oppfriskingsdose.

Det går fram i eit brev som FHI sende til alle kommunane i landet, helseføretak og statsforvaltarar fredag, skriv Bergens Tidende.

– Vi ber kommunane allereie no ta dette inn i planane sine, skriv FHI i brevet, og held fram:

– Ei slik tilråding er i tråd med det europeiske smittevernbyråets (ECDC) nylege tilråding om å vurdere å tilby oppfriskingsdose til dei over 40 år, og då med prioritet til eldre og sårbare med høgast risiko for alvorleg sjukdom.

FHI skriv òg at rekkjefølgje for vaksinasjon skal leggjast opp slik at dei som har venta lengst blir prioritert først.

– Går ikkje fort nok

Det har tidlegare komme kritikk av at det tek for lang tid å gi alle over 65 år ein oppfriskingsdose, men det håpar helsestyresmaktene å vere i mål med før jul.

Seinast fredag gjekk assisterande folkehelsedirektør Geir Bukholm ut med ei oppmoding til kommunane om å få opp tempoet i oppfriskingsvaksinasjonen.

– Det går framleis ikkje fort nok. Skal dei klare å gi tilbod til alle i aldersgruppa 65 år og eldre før jul, må dei auke tempo for å få vaksinert dei som har fått dosen sin nummer 2 for 5 månader sidan, sa Bukholm til VG.

Til no har nærare 437.000 personar har fått tredje dose med koronavaksine. Folkehelseinstituttet har valt å sende ut fleire vaksinedosar enn det kommunane har bede om.

(©NPK)