Annonse

Bergensarane har snudd – no vil eit fleirtal ha Bybanen over Bryggen

I ei fersk meiningsmåling er det for første gong fleirtal blant innbyggjarane i Bergen for å leggje Bybanen over Bryggen i staden for gjennom tunnel.

Annonse

I undersøkinga svarer 54,1 prosent at dei ønskjer at banen går langs Bryggen, medan 45,9 prosent ønskjer ei tunnelløysing, skriv Bergensavisen.

Valekspert Johan Giertsen, ein av hovudaktørane bak nettstaden pollofpolls.no, seier at det er første gong han har sett ei måling der Bryggen-alternativet for Bybanen er mest populært blant bergensarane.

– Dette må bety at argumenta til byrådet har vunne oppslutning og terreng, seier Giertsen til avisa.

Forlenginga av banen til Åsane har vore eit svært omdiskutert tema, og det førte til at byrådet gjekk av førre veke etter at dei tapte avrøystinga i bystyret.

Byrådet fekk 33 stemmer for Bryggen-alternativet, medan Høgre fekk 34 stemmer for forslaget sitt om å halde fram utgreiinga av eit tunnelalternativ.

Torsdag vart det ei ny utvikling i saka då to representantar frå Sp og éin frå Raudt snudde i spørsmålet. Dermed bryt dei tre med eigne parti og sikrar fleirtal for at Bybanen skal gå langs Bryggen.

(©NPK)

Det er no fleirtal blant bergensarane for å la Bybanen gå over Bryggen når arbeidet med å forlengje banen til Åsane skal starte opp. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK