Bergs advokat: Sannsynleg at Frode Berg blir benåda onsdag

Advokaten til Frode Berg, Brynjulf Risnes, meiner det er sannsynleg at den spiondømde nordmannen blir benåda onsdag.

- Det einaste formelle som står att, er at alle blir benåda, seier Risnes til NTB.

Litauens president Gitanas Nauseda underteikna måndag ei lov som kan gjere det enklare å få spiondømde Frode Berg utveksla frå russisk fangenskap.

- I og med at lova er vedteken, og at presidenten openbert er i landet ettersom han signerte lova i går, ser vi ikkje nokon grunn til at dette dreg ut lengre, seier Risnes.

Samde om avtale

Den 16. oktober siterte det litauiske nyheitsbyrået BNS anonyme kjelder på at Russland og Litauen er samde om å utveksle ein spiondømd russar mot to litauarar og ein nordmann som er dømde i Russland.

BNS namngir ikkje Frode Berg, men Berg (64) er den einaste nordmannen som sonar ein slik dom i Russland.

Benådingskomiteen i Litauen har enno ikkje behandla dei russiske benådingssøknadene. Komiteen hadde møte onsdag, ifølgje Antanas Bubnell, som er talsperson for dei litauiske styresmaktene.

Det er ikkje offentleggjort noko om kva for benådingssøknader som skal vurderast. Tilrådingane frå benådingskomiteen er likevel ikkje bindande for presidenten.

Tilrådde benåding av Berg

I slutten av oktober tilrådde benådingskomiteen i Russland at Frode Berg blir benåda. President Vladimir Putins talsperson har stadfesta at dei har fått ein søknad om benåding frå Berg, men det er ikkje kjent når den skal vurderast.

Det vanlege er at benådingane skjer samtidig, i alle fall same dagen, ifølgje Risnes.

Han understrekar at han ikkje kan seie noko sikkert om når Berg blir benåda.

- Men vi reknar det som sannsynleg at det skjer onsdag, seier advokaten.

Ei moglegheit er at benådingane skjer utan at det blir offentleggjort.

- Det kan hende dei ventar med offentleggjeringa til personane er overleverte til heimlanda sine, seier han.

Arrestert i 2017

Den tidlegare norske grenseinspektøren Frode Berg vart 5. desember 2017 arrestert av den russiske tryggingstenesta FSB under eit besøk i Moskva.

I april i år vart han funnen skuldig i spionasje og dømd til 14 års fengsel i byretten i Moskva.

Berg nekta straffskuld etter spionasjetiltalen, men vedgjekk at han hadde vore i kontakt med den norske etterretninga før reisa.

(©NPK)

Frode Bergs norske advokat Brynjulf Risnes meiner Berg truleg blir benåda onsdag. Foto: Berit Roald / NTB scanpix