Annonse

Berre kameramenn slepp inn på San Siro

Berre kameramenn slepp inn på San Siro når Inter møte Ludogorets i Europaligaen torsdag. Årsaka er frykta for koronaviruset.

Annonse

Det er klubbane i samråd med Det europeiske fotballforbundet (Uefa) som har komme fram til dette, skriv La Gazzetta dello Sport.

Tidlegare denne veka vart det kjent at 16.-delsfinalen skal spelast for tomme tribunar i Milan, men no blir det gjort endå fleire innstrammingar som følgje av virusfrykt. Mellom anna blir det ingen pressekonferansar, verken før eller etter kampen.

Journalistar slepp ikkje inn.

Fleire kampar i den italienske ligaen har vorte utsette på grunn av virusfrykt. I tillegg skal enkelte kampar spelast utan tilskodarar, mellom anna Milan–Genoa og Juventus–Inter.

Så langt er 300 personar stadfesta smitta i Italia, og 11 er registrerte døde.

I det omvende oppgjeret førre veke vann Inter 2–0.

(©NPK)

Europaligaoppgjeret på San Siro torsdag skal spelast utan tilskodarar på tribunen. Heller ikkje journalistar slepp inn, berre kameramenn. Bildet er frå då Serie A-kampen mellom Inter og Sampdoria vart utsett, også det på grunn av virusfrykt. Foto: Antonio Calanni / AP /NTB scanpix.