Berre Sp utanfor i norsk klimaavtale med EU

Senterpartiet ville ikkje vere med, men resten av partia sørgde for at Noreg med stort fleirtal måndag inngjekk ein ny klimaavtale med EU.

- Ein historisk viktig klimaavtale som vil bidra til at Noreg kuttar utslepp av klimagassar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

- Avtalen sikrar at vi når klimamåla våre. Han vil gi gode og forpliktande rammer for norsk klimapolitikk fram mot 2030, medan innhaldet i klimapolitikken er framleis opp til Noreg, seier han.

Stortinget slutta seg måndag ettermiddag til forslaget som energi- og miljøkomiteen 13. juni gav frå seg innstillinga si om. Avtalen er ein del av samarbeidet mellom EU og Noreg om utsleppskutt.

- Noreg treng EU-press

Noreg må kutte utsleppa av klimagassar med 40 prosent frå 2005-nivå innan 2030 i såkalla ikkje-kvotepliktig sektor, det vil seie den sektoren som ligg utanfor systemet for handel med klimakvotar mellom bedrifter i EU. Det betyr at kutta må takast i transport, jordbruk, avfall og bygg.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner avtalen er viktig, og at EU er den regionen i verda som fører den mest offensive klimapolitikken.

- Noreg treng press frå EU i klimapolitikken, og vi meiner Noreg må kutte meir enn det EU pålegg oss, seier MDGs nasjonale talsperson Une Bastholm.

Skogmotstand

Ein del av avtalen er at det blir innført eit strengt regime for skog, noko som skapte motstand i Sp.

- Det er uforsvarleg å inngå ein forpliktande avtale med EU når vi ikkje veit kva for konsekvensar det vil få for Noreg og norsk skogbruk, sa Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad nyleg til NTB.

Partiet foreslo derfor å utsetje behandling og inngåing av klimaavtalen med EU «inntil alle konsekvenser knyttet til norsk skog- og jordbruk er klarlagt».

Regjeringa meiner Sps frykt er grunnlaus og misforstått.

(©NPK)

Miljø- og klimaminister Ola Elvestuen (V) meiner klimaavtalen Noreg måndag inngjekk med EU er historisk og viktig. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix