Møre

Berre to påviste influensatilfelle i år – pandemien kan bli mildare enn ein vanleg influensasesong

Viss smitten søkk, kan koronapandemien ende langt mildare enn ein vanleg influensasesong i talet på døde og innleggingar. Men det er på grunn av tiltaka.

– Viss vi er heldige, kan det vere at vi ikkje vil få fleire dødsfall av covid-19 enn vi har i ein vanleg influensasesong. Men ein del av dei dødsfalla vi får av covid-19, vil nok vere litt yngre menneske enn det vi ser i ein vanleg influensasesong, seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NTB.

På denne tida i fjor (veke 46) var sesonginfluensaen i ferd med å spreie seg. Av 4.588 testa hadde 92 fått påvist influensavirus. 17 pasientar var innlagde på sjukehus.

I år er situasjonen heilt annleis. 3.517 personar har vorte testa for influensa. Berre to har testa positivt, ifølgje FHI. Førre veke var det null positive prøver. Éin pasient er innlagd.

– Så langt er det svært få tilfelle av influensa i Noreg. Og viss det held fram slik, så er det ei god nyheit. For då vil ein ikkje ha behov for intensivplassar til influensapasientar. Vi treng dei intensivplassane i reserve viss det skulle bli mange som blir alvorleg sjuke av koronaviruset, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Fall i vår

Den låge influensasmitten har mykje å seie for kapasiteten på sjukehusa. I løpet av ein vanleg influensasesong er nemleg mellom 2.000 og 5.000 influensapasientar innlagde på sjukehus og over 200 av dei på intensivavdeling.

Då dei omfattande koronatiltaka vart innførte i mars, fekk òg den førre influensasesongen ein brå slutt. Dette har bidrege til at det ikkje har døydd fleire menneske enn normalt i 2020, sjølv om vi står midt i ein dødeleg koronapandemi.

Tvert imot har langt færre døydd eller trunge sjukehusbehandling for covid-19 så langt, enn det som er vanleg for sesonginfluensa.

Langt fleire innlagde

Samanliknar ein til dømes med influensasesongen 2017/18, som var spesielt hard, er ein ikkje i nærleiken av same talet på innlagde og talet på dødsfall for covid-19 så langt.

Totalt er 1.809 pasientar med covid-19 vorte innlagde på norske sjukehus, 291 av dei på intensivavdeling, ifølgje FHIs siste vekerapport. 306 er så langt døde.

I løpet av influensasesongen i 2017/18 hadde ein 5.147 innlagde på sjukehus med influensavirus og 379 på intensivbehandling. Faktisk antok FHI at det reelle talet på innlagde var 7.600. Relativt sett hamnar færre influensapasientar enn covid-19-pasientar på intensivavdeling.

– 2017/18 var ein influensasesong som belasta intensivkapasiteten betydeleg, og vi er opptekne av å unngå å få influensa i år med så mange som blir smitta og alvorleg sjuke som vi hadde den sesongen, seier Stoltenberg.

Over 1.000 døde

Derfor har FHI i år kjøpt inn og distribuert meir influensavaksine enn normalt.

FHI antek at 1.400 døde av influensa i 2017/18. Det er eit høgt tal, men slett ikkje heilt unormalt.

– Når vi seier at det er rundt 1.000 stykke som døyr som følgje av ein sesonginfluensasesong, er det eigentleg eit statistisk tal. Det er ikkje slik at vi alltid har verifisert at det er influensa som forårsaka dødsfallet, men vi ser at i periodane som har hatt stigning i influensa, så har ein hatt ei høgare døyelegheit, understrekar helsedirektør Guldvog.

– Ikkje smertefritt

Både Guldvog, Stoltenberg og helseminister Bent Høie (H) er veldig tydelege på at vi hadde hatt ein langt meir alvorleg situasjon i år utan dei inngripande koronatiltaka.

Høie påpeikar at influensasesongen 2017/18 viser at ein hadde kapasitet til å handtere ein sånn situasjon i seg sjølv. Men det var altså utan covid-19 i samfunnet.

– Men når influensasesongen er tøff, så er òg arbeidsbelastninga på sjukehusa våre tøff. Det er ikkje sånn at det er smertefritt. Det er ei av årsakene til at vi er så tydelege på vaksinasjon i risikogruppa, for ein ønsker ikkje å ha den typen ekstra belastning, seier Høie til NTB.

(©NPK)

Årets influensavaksine. Takka vere omfattande vaksinasjon – og ikkje minst koronatiltak – er det svært få som er blitt smitta av vanleg sesonginfluensa i år. Det sørgjer for ledig kapasitet på sjukehusa. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Direktør for Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg held fram ein influensavaksine. Ho seier at det har vore svært få influensatilfelle så langt i år. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Helsedirektør Bjørn Guldvog understrekar at situasjonen hadde vore langt verre utan dei inngripande koronatiltaka. Foto: Jil Yngland / NTB

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...