Annonse

Bertheussens VG-klage blir behandla i PFU

Klaga frå Laila Bertheussen mot VG skal behandlast i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag. Ho meiner avisa skapte eit inntrykk av at ho vart «tatt på fersken».

Annonse

Saka kjem opp i PFU onsdag 25. september, skriv fagbladet Journalisten.

Bertheussen meiner ifølgje klaga at VG har slått fast opplysningar det ikkje er dekning for, mellom anna då avisa skreiv i ein tittel: «Opplysninger til VG: PST sikret bevis med hemmelig kamera».

- Klager meiner VG skapte eit inntrykk av at Bertheussen var «tatt på fersken», skriv PFU-sekretariatet i ei oppsummering av klaga.

Fem punkt

Bertheussen har klaga inn VG for brot på fem punkt i Ver varsam-plakaten, blant dei punkt 4.14 om samtidig imøtegåing.

VG avviser at avisa har brote god presseskikk, men erkjenner at redaksjonen «kunne vært enda tydeligere vedrørende omstendigheter knyttet til overvåkingen».

- Vi kunne presisert at det aktuelle kameraet skulle vere ukjent for sambuarparet. Dette representerer likevel ikkje eit brot på retten til samtidig imøtegåing, som tidlegare beskrive var ikkje tilleggsopplysninga eit sentralt poeng, skriv VG til PFU.

Sikta av PST

Bertheussen, som er sambuar med tidlegare justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), er sikta av Politiets tryggingsteneste (PST) etter fleire hendingar ved paret sin bustad i Oslo. Wara gjekk av då det vart kjent at sambuaren var sikta i éi av sakene. Ho fekk òg status som mistenkt i dei andre sakene. Bertheussen erkjenner ikkje straffskuld.

PST opplyste torsdag til NTB at saka blir send til Statsadvokaten for avgjerd om påtale i næraste framtid. Det kan mellom anna ende med tiltalte, eller at saka vert lagt bort.

(©NPK)

Onsdag 25. september skal Pressens Faglige Utvalg behandle Laila Bertheussens klage mot VG. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix