Betalingsinformasjon på avvegar etter dataangrep i Intersports nettbutikk

Betalingsinformasjon frå nokre av Intersport-kundane har kome på avvegar etter at ei tidlegare utgåve av nettbutikken til kjeda har vore utsett for eit dataangrep.

Intersport opplyser at angrepet er knytt til utsjekking frå nettbutikken Intersport.no, truleg i delar av perioden 17. april til 18. juni i år.

Kundar som har handla i nettbutikken i perioden, blir bedne kontrollere kontoutskrifter og straks kontakte banken sin om dei oppdagar noko mistenkjeleg.

Administrerande direktør Lars Kristian Lindberg i Intersport Noreg seier at butikken tek dette svært alvorleg, og at dei orsakar ulempene dette kan ha påført kundane.

– Då vi fekk mistanke om eit mogleg dataangrep i sommar, sette vi straks i verk ei gransking. Av omsyn til openheit og kundane våre vel vi å varsle så tidleg som mogleg, sjølv om vi ikkje kjenner alle detaljane enno, seier han i ei pressemelding.

Kundar som har handla på nett i den aktuelle perioden, blir kontakta direkte. Informasjon om betalingskorta til kundar som ikkje handla i perioden, er ikkje ramma.

18. juni tok sportsutstyrskjeda i bruk ei ny netthandelsløysing.

(©NPK)

Intersports tidlegare nettbutikk er råka av eit dataangrep. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix