Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
USAs president Joe Biden seier det ikkje er nokon tvil om at forgjengaren Donald Trump gjorde seg skuldig i oppvigling.
Publisert: 20.12.2023 kl 18:56
Kommentaren kom timar etter at høgsteretten i delstaten Colorado diskvalifiserte Trump frå valet i delstaten. Dei meiner han gjorde seg skuldig i oppvigling då han eggja tilhengarar i ein tale 6. januar 2021. Få minutt seinare storma tilhengarane kongressbygningen.
Retten viste til ei lite brukt føresegn i den amerikanske grunnlova som nektar personar som har gjort seg skuldige i «opprør eller oppvigling» å ha eit offentleg embete.
– Eg lèt domstolen ta den avgjerda. Men han støtta definitivt eit opprør. Det er ingen tvil om det, null og niks, sa Biden onsdag.
(©NPK)
USAs president Joe Biden i Wisconsin onsdag. Foto: Evan Vucci / AP / NTB
USAs ekspresident Donald Trump vart tysdag diskvalifisert frå valet i Colorado. Foto: Charlie Neibergall / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.