Biden vil vurdere reform av Høgsterett

President Joe Biden vil sette ned ein kommisjon som skal vurdere reform av Høgsterett i USA.

Kommisjonen skal bestå av ekspertar, opplyser Det kvite hus. Biden vil fredag underteikne ein presidentordre om skipinga av kommisjonen.

Blant spørsmåla som skal vurderast, er storleiken på domstolen og kor lenge høgsterettsdommarane sit i stillingane sine.

Høgsterett har mykje makt i USA, og medlemmer av Det demokratiske partiet har lansert eit forslag om at domstolen kan utvidast med fleire dommarar. Forslaget blir rekna som svært kontroversielt.

(©NPK)

USAs president Joe Biden. Foto: Andrew Harnik / AP / NTB