Bil køyrde inn i steinras

Ein personbil køyrde inn i eit steinras som gjekk over fylkesveg 651 i Nordfjord fredag kveld. Bilen vart skadd, men ingen personar vart skadde i kollisjonen.

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 20.

Bilen fekk materielle skadar og er ifølgje politiet ikkje køyrbar. Ingen personar i bilen vart skadde, men fylkesvegen vart sperra som følgje av raset.

Politiet og Vegvesenet rykte ut til staden.

(©NPK)