Bil tatt av snøskred i Jølster

Ein bil vart tatt av delar av eit snøskred i Jølster i Sunnfjord. Føraren har fått behandling på staden. Eit helikopter har søkt over området.

Ein luftambulanse har søkt over skredområdet og har ikkje sett teikn til at andre bilar eller personar er tatt. Førebels blir det ikkje sett på som trygt å gjennomføre søk i sjølve området, opplyser Vest politidistrikt.

Føraren har smerter i ryggen, men er ute av bilen. Vedkommande var åleine i bilen og fekk behandling av ambulansepersonell på staden.

Skredet har gått i Våtedalen i Jølster og var om lag 150 meter breitt og fem meter høgt.

Vegen er sperra på begge sider av raset. På sørsida er vegen sperra ved Klakegg.

Politiet fekk melding om skredet klokka 17.20 fredag.

(©NPK)