Klargjør siden...
Annonse

Billettsal til kampen i Budapest startar torsdag

(NPK-NTB): Salet av den norske billettkvoten til returkampen mot Ungarn i EM-kvalifiseringa i fotball startar torsdag.

Det er venta at mange nordmenn ønskjer å sjå kampen i Budapest søndag 15. november, men dei som vil sikre seg billettar, må gjere litt meir enn vanleg når dei kjøper billettar på nett, fortel Norges Fotballforbund.

Først og fremst krev Ungarns fotballforbund fødselsdato og fødestad for alle som skal ha billett.

Dernest får kjøparane ein e-post der dei må fylle ut reiseinformasjon. Svaret er det politiet i Ungarn som skal ha, og dette er vanleg prosedyre for gjestesupporterar i kampar i UEFA-regi. Om skjemaet ikkje blir returnert i tide, får du heller ikkje billettane.

Ettersom billettane blir leverte ut i Ungarn, er det viktig at kontaktinformasjonen er rett, slik at informasjonen om kor og når billettane kan hentast, når fram.

Billettane i den norske tribuneseksjonen i Budapest kostar 160 kroner. (©NPK)

Annonse