Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Den norske krona er på sitt sterkaste mot den svenske sidan oktober i fjor. Det gjer handleturen over svenskegrensa billigare.
npk@npk.no
Publisert: 08.07.2016 kl 07:39
Torsdag måtte ein betale 98,70 norske kroner for 100 svenske, skriv Dagens Næringsliv. Valutastrateg Nils Kristian Knudsen i Handelsbanken Capital Markets forklarar den svake svenskekrona med Riksbankens forventningar til økonomien hos «söta bror».
– Dei tar ned rentebana, på bakgrunn av at ein ser for seg ein svakare vekst, særleg i 2017, seier Knudsen.
Onsdag bestemte den svenske sentralbanken seg for å la styringsrenta bli ståande på -0,5 prosent, mens både vekstprognosen og rentebana altså vart justert ned. Det vart også inflasjonsforventningane.
Nordea Markets meiner den svenske valutaen er «undervurdert», men seier den kan bli svekt av fallande vekst og auka risiko i bustadmarknaden.
– Faktisk er den svenske krona i fare for å oppleve på ny det den norske krona gjorde i 2013, skriv Nordea Markets. Den gongen begynte nedturen for den norske krona, som sidan 2013 er blitt 25 prosent svakare målt mot våre viktigaste handelspartnarar. (©NPK)