Annonse

Biltrafikken aukar i Kristiansand

Trass i målet om nullvekst i biltrafikken i Kristiansand har trafikken gjennom bommane i byen auka med nesten 130.000 køyretøy.

Annonse

Dei fire første månadene i år køyrde det 128.000 fleire bilar gjennom bommane i byen, skriv Fædrelandsvennen. Det svarer til ein auke frå same periode i fjor på 2,2 prosent.

Kristiansands-regionen har forplikta seg til nullvekst i biltrafikk i 2019, men Vest-Agder fylkeskommune erkjenner at byen no har eit problem. Viss Kristiansand ikkje når målet om nullvekst i biltrafikken, kjem det heller ingen påskjønningspengar frå staten .

Dei siste tala markerer ei endring frå dei siste åra. Etter at Kristiansand innførte rushtidsavgift i 2013, har ikkje byen hatt auke i biltrafikken. Dette har utløyst påskjønningsmidlar frå staten kvart år.

- Eg er bekymra for at den positive utviklinga ikkje held fram. Viss dette ikkje endrar seg, får vi sjå kva vi kan gjere. Men ein del av dette kan vere kortvarige effektar som kjem av vêr og føre, seier fungerande fylkesordførar Tore Askildsen (KrF) i Vest-Agder.

(©NPK)

E39 ut frå Kristiansand. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix