Bjørgen vart mamma igjen

Marit Bjørgen og Fred Børre Lundberg vart laurdag foreldre for andre gong.

Det er Lundberg som stadfestar fødselen overfor Aftenposten.

- Kan stadfeste at det kom eit nytt medlem av familien på laurdag. Alt står bra til med både mor og gut, skriv han i ei tekstmelding til avisa.

Den nye verdsborgaren var 51 centimeter lang og vog 3.678 gram, men har så langt ikkje fått noko namn.

- Det er like stort og spesielt som det var første gongen, seier Lundberg.

Frå før har han sonen Marius saman med Bjørgen.

Langrennsdronninga Marit Bjørgen avslutta karrieren etter førre sesong.

(©NPK)

Fred Børre Lundberg og Marit Bjørgen blei foreldre igjen. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix