Annonse

Bjørn skoten i Finnmark

Ein bjørn som har tatt seks sauer i bygda Neiden i Finnmark, vart skoten natt til måndag.

Annonse

Bjørnen vart avliva medan han var i eit vatn i Neiden i Sør-Varanger kommune.

- Han gjekk rett til botn etter at han vart skoten på i natt, seier Vidar L. Pettersen, som leier det kommunale jaktlaget, til iFinnmark.

Fem jegerar deltok i jakta. Statens naturoppsyn opplyser til avisa at dei er på veg til Neiden.

Fylkesmannen i Troms og Finnmark gav fellingsløyve før helga, etter at seks sauer førre veke vart funne drepne.

(©NPK)