Bjørn Tore Gjertsen tildelt Kreftforskningsprisen for forsking på aggressiv blodkreft

Professor Bjørn Tore Gjertsen blir tildelt Kong Olav Vs kreftforskingspris for verdsleiande forsking på aggressiv blodkreft. Prisen er på éin million kroner.

Utviklinga stod i praksis stille i 40 år før Gjertsens arbeid sørgde for at både prognosane og behandlinga har vorte mykje betre for pasientar med akutt myolegen leukemi, AML, skriv Kreftforeningen på nettsidene sine.

Gjertsen (54) er overlege ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Bergen.

I Kreftforeningens grunngiving for tildelinga blir det vektlagd at Gjertsen er svært produktiv, at han står bak ei lang rekkje gode publikasjonar og at forskinga hans har målbar nytte for pasientane.

Ifølgje Gjertsen vil ikkje funna i forskinga berre komme pasientar med blodkreft til nytte.

– Funna vil sannsynlegvis kunne nyttast i behandlinga av òg andre kreftformer.

Kong Olav Vs kreftforskingsfond delar årleg ut éin million kroner til ein kreftforskar, eller gruppe kreftforskarar, som har bidrege til å fremje kvaliteten og omfanget på den norske kreftforskinga.

Kong Harald vil overrekkje prisen til Gjertsen og fjorårets vinnar Bjarne Bogen under ein seremoni i Universitetet i Oslo 18. oktober.

(©NPK)

Bjørn Tore Gjertsen er tildelt Kong Olav Vs kreftforskingspris. Foto: Ola Henmo, Kreftforeningen / NTB / NPK