ANNONSE
Annonse

Blinken maner til prinsippfastleik i FN

Putin oppløyser den internasjonale ordenen, sa USAs utanriksminister Antony Blinken i FN i møtet i FNs tryggingsråd torsdag.

– Vi kan ikkje og vil ikkje la president Putin sleppe unna med dette. Verdsordenen som vi har bygd opp i denne salen, riv Russland no sund framfor auga våre, sa han.

At Putin mobiliserer reservestyrkar, er å helle bensin på bålet, påpeika han. Onsdag kunngjorde Vladimir Putin ei delvis mobilisering av reservestyrkane som omfattar 300.000 reservistar.

– Ingen land kan teikne opp nye landegrenser med makt. Viss vi mislykkast med å forsvare dette prinsippet no som Kreml openbart krenkjer det, sender vi signal til aggressive statar at dei også kan ignorere det.

(©NPK)

Antony Blinken sa at Russlands krigføring riv verdsordenen sund. Foto: Mary Altaffer / AP / NTB

ANNONSE
Annonse