Annonse

Bloomberg-journalistar for retten i Tyrkia

To journalistar frå nyheitsbyrået Bloomberg News står for retten i Tyrkia, skulda for forsøk på å sabotere økonomien i landet med ein artikkel i august i fjor.

Artikkelen dreidde seg om valutakrisa i fjor, då verdien av tyrkisk lira på eit døgn fall kraftig mot dollar.

Journalistane Kerim Karakaya og Fercan Yalinkilic skreiv i det høvet at det tyrkiske banktilsynet var samankalla til krisemøte.

- Det var jo heilt normalt, eg forstår ikkje kvifor vår sak har utløyst slike reaksjonar, seier Karakaya.

Dei to journalistane risikerer opptil fem års fengsel dersom dei blir funne skuldige i skuldinga om forsøk på å undergrave Tyrkias økonomiske stabilitet.

36 andre er tiltalte i den same saka, nokre av dei for å ha vitsa om valutakrisa på Twitter. Strafferamma for dei tiltalte varierer mellom to og fem år.

- Denne rettssaka har ikkje noko med økonomi å gjere, det er ei politisk rettssak som tar sikte på å skremme folk til tausheit, seier økonomen Mustafa Sonmez, som sjølv er blant dei tiltalte.

Retten i Istanbul avviste fredag kravet frå dei tiltalte om at saka skulle leggast bort og fastsette neste rettsmøte til 17. januar.

(©NPK)