Bodø opphevar lokale koronatiltak

Alle lokale koronatiltak i Bodø opphøyrer frå midnatt måndag, deretter gjeld dei nasjonale tilrådingane. Dermed kan mellom anna butikkane opne igjen.

Den lokale kriseleiinga oppheva allereie onsdag fleire tiltak, men no er alle dei lokale tiltaka oppheva, opplyste ordførar Ida Pinnerød på ein digital pressekonferanse fredag.

Kriseleiinga i Bodø kommune har frå før vedteke at alle skular og barnehagar i Bodø skal tilbake på gult nivå frå måndag, og no kan òg alle typar butikkar, også kjøpesenter, opne.

Det siste døgnet har kommunen berre hatt eitt smittetilfelle, og det var ein person frå Austlandet som allereie sat i karantene.

(©NPK)

Ordførar Ida Maria Pinnerød i Bodø opplyste på ein pressekonferanse fredag at alle lokale tiltak i blir oppheva frå måndag, og at det deretter er dei nasjonale tilrådingane som gjeld.
Arkivfoto: Sondre Skjelvik / NTB