Annonse

- Boeing installerer tryggingsalarm på MAX-flya

Den amerikanske flyprodusenten Boeing skal ifølgje ei kjelde installere tryggingsalarmar i cockpiten på alle 737 MAX-fly etter to flystyrtar på fem månader.

Annonse

Alarmen skal installerast både på alle nyproduserte fly av denne typen, og på fly som allereie er levert og i bruk, opplyser ein person med kjennskap til detaljane til Financial Times.

Tryggingsalarmen skal gi flygarane varsel dersom to sensorar som registrerer nasevinkelen til flyet, gir motstridande opplysningar. Det vil i så fall vere eit teikn på at ein av sensorane ikkje verkar, fortel kjelda.

Boeing har overfor avisa ikkje ønskt å kommentere artikkelen.

Sensorane registrerer dersom vinkelen til flyet i lufta er for bratt. Dei er kopla til ei programvare kalla MCAS og som skal motverke at flyet steglar. Feil ved programvara blir mistenkt for å ha bidratt til flystyrten i Indonesia i oktober, ifølgje ein førebels rapport.

Det blir òg mistenkt at MCAS kan ha bidratt til styrten i Etiopia tidlegare denne månaden.

Boeing har varsla ei programvareoppdatering som skal rullast ut i nær framtid.

(©NPK)

Foto: AP / NTB scanpix