Annonse

Bolivias tidlegare president i eksil i Mexico

Den tidlegare presidenten i Bolivia, Evo Morales, har komme til Mexico, der han har fått politisk asyl.

Morales, iført ei blå korterma skjorte, handhelste på Mexicos utanriksminister Marcelo Ebrard etter å ha gått ned flytrappa etter landinga på flyplassen i Mexico by tysdag formiddag.

Flyturen gjekk frå Bolivia til Paraguay, og vidare derfrå til Mexico med eit fly frå det mexicanske luftforsvaret. Morales fekk innvilga asyl i Mexico på grunn av at livet hans kunne vere i fare.

Noko av det første Morales sa på mexicansk jord tysdag, var at han framleis vil vere politisk aktiv, og at «kampen held fram».

Morales gjekk av som president i Bolivia søndag etter omfattande protestar i kjølvatnet av presidentvalet og påstandar om valfusk. Sjølv meiner Morales at han var offer for eit «kupp» og forsvarte tysdag kampen sin for å betre situasjonen for fattige og urfolk i Bolivia.

- Det vil berre bli fred når alle kan nyte godt av sosial rettferd, sa Morales.

Han lét etter seg seg eit heimland i politisk maktvakuum. Også visepresidenten, leiaren i underhuset og leiaren i senatet gjekk av. Dermed er nestleiaren i senatet, Jeanine Añez, den neste på rangstigen til å overta som mellombels president og kunngjere nyval. Men det krev at ho får støtte i nasjonalforsamlinga.

Seinare tysdag er det venta at senatet i nasjonalforsamlinga skal samlast for å diskutere vegen vidare.

(©NPK)

Mexicos utanriksminister Marcelo Ebrard ønskte den tidlegare presidenten i Bolivia, Evo Morales, velkommen på flyplassen i Mexico by tysdag formiddag. Foto: AP / NTB scanpix

Mexicos utanriksminister Marcelo Ebrard sende måndag kveld ut eit bilde som viser Bolivias tidlegare president Evo Morales med eit mexicansk flagg om bord på eit fly som det mexicanske luftvåpenet hadde sendt til Bolivia for å hente Morales. Foto: AP / NTB scanpix