Annonse

Bollestad: - Avlingane handlar ikkje berre om politikk, men òg om Vårherre

- Meir enn nokon andre opplever bøndene klimaendringane på botnlinja, seier landbruksminister Bollestad. Sommaren i år ligg an til å bli god for norske bønder.

Annonse

Kontrasten frå i fjor til i år kunne knapt ha vore større. Medan sommaren i fjor vart ein av dei tørraste dei siste 100 åra, har det i år både komme sol og regn. Bønder over heile landet melder om gode avlingar.

Medan bøndene i eit normalår klarer å produsere 50-70 prosent av matkornet Noreg treng, viser prognosane for i år at bøndene ligg an til å produsere 80 prosent av matkornet sjølve. Under tørkesommaren i fjor vart berre 37 prosent av matkornet det er behov for produsert i Noreg. Også på grasavlingane, og grønsaker og frukt, ser det ut til å bli gode eller normale år i år.

- Det er kjempeviktig at vi er så sjølvforsynte som mogleg, og forskjellane mellom kornavlingane i fjor og i år viser kor vêravhengige vi er. Avlingane handlar ikkje berre om politikk, men òg om Vårherre gir oss godt vêr, seier landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) til NTB.

Vil ikkje kritisere Dale

Så langt er det betalt ut rundt to milliardar kroner i erstatning for avlingssvikt til bøndene etter fjorårets tørkesommar. Utbetalingane til østlandsfylka er klart høgast. Berre i Oppland er det utbetalt over 430 millionar kroner for avlingssvikt i fjor sommar.

Etter mykje om og men vart bøndene og dåverande landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) i slutten av august i fjor òg samde om ein ekstra krisepakke til bøndene på 525 millionar kroner, som skulle kompensere for tørken og avlingsskadane.

I eit intervju med Nationen 31. juli i fjor etterlyste Bollestad, som då ikkje sat i regjering, ein krisepakke til bøndene. Likevel gjekk det tre veker til før regjeringa gjekk med på å starte forhandlingar om ein pakke.

- Reagerte regjeringa for seint på tørkekrisa i fjor sommar?

- Det vil eg ikkje seie. Det var riktig å etterlyse ein krisepakke i fjor, men samtidig var det viktig å få oversikt over situasjonen for å forstå omfanget før ein starta forhandlingar.

- Men ville du ha innleidd forhandlingar med bøndene tidlegare dersom du var landbruksminister i fjor sommar?

- Det er vanskeleg å seie. Ein sit i ein annan posisjon når ein ikkje er i regjering.

- Bøndene opplever klimaendringane på botnlinja

Bollestad meiner at det blir gjort eit godt arbeid med å gjere landbruket meir motstandsdyktig mot klimautfordringar dei kommande åra. Ho viser mellom anna til at bondeorganisasjonane i juni inngjekk ein avtale med regjeringa om reduksjon av klimagassar og auka opptak av karbon i jordbruket, og at jordbruksoppgjeret for i år inneheld ei rekke klimatiltak.

Samtidig blir det forska på nye vekstar som skal tole eit klima i endring betre enn i dag.

- Meir enn nokon andre opplever bøndene klimaendringane på botnlinja, og utfordringane gjer at forbrukarane får for lite norsk mat, for seint og for dyrt. Samtidig må forbrukarane og handelsstanden vere bevisste på å bruke dei gode, norske grønsakene bøndene produserer medan dei er i sesong, seier Bollestad.

(©NPK)

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) er glad for at avlingane i år blir langt betre enn under tørkesommaren i fjor. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Slik såg det ut på ein kornåker på Kløfta i Akershus i juli i fjor. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Og slik ser det ut på den same kornåkeren i juli i år. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix