Annonse

Bolsonaro vil feire Brasils militærdiktatur

Brasil president, eksoffiseren Jair Bolsonaro, fornektar at militæret gjorde eit kupp i 1964 og vil feire maktovertakinga som førte til to tiår med diktatur.

Førstkommande søndag er det 55 år sidan kuppet som avsette president João Goulart og innsette ein militærjunta. Det vart starten på 21 års militærdiktatur i det søramerikanske landet.

Jair Bolsonaro, som er ein høgrepopulistisk president, meiner det som skjedde 31. mars 1964 ikkje var noko kupp. Han har fleire gonger hylla det autoritære styret i dei to tiåra som følgde, og no har han gitt ordre om feire maktovertakinga.

- Presidenten har gitt forsvarsdepartementet ordre om å setje i verk ei passande markering, seier regjeringstalsmann Otavio Rego Barros.

I 2016, då han stemte for riksrettssak mot president Dilma Rousseff, dediserte Bolsonaro stemma si til ein oberst som leidde ei tortureining under diktaturet. Rousseff var ein av dei som vart torturert medan generalane styrte landet.

Som president har Bolsonaro, som altså sjølv har offisersbakgrunn, henta fleire tidlegare generalar til regjeringa.

(©NPK)

President Jair Bolsonaro meiner maktovertakinga militæret gjorde i 1964 ikkje var noko kupp og har snakka varmt om det autoritære styret som kom etter. No har han gitt ordre om å feire kuppet for 55 år sidan. Foto: Esteban Felix / AP / NTB