Annonse

Bombe frå andre verdskrigen funnen ved Alexanderplatz i Berlin

Ei udetonert bombe frå krigen er funnen under bygningsarbeid ved Alexanderplatz i Berlin. Tysk politi har evakuert området før bomba blir uskadeleggjord.

Den 100 kilo tunge blindgjengaren stammar frå bombinga av Berlin under andre verdskrigen.

Bomba, som hadde ein intakt detonator, vart funnen ved kjøpesenteret Alexa på hjørnet av Voltairestrasse og Dirckenstrasse.

Eit område i ein radius på 300 meter blir evakuert.

Nesten 75 år etter at andre verdskrigen tok slutt er det framleis fullt av ueksploderte bomber og granatar etter den massive bombinga av Nazi-Tyskland frå dei allierte.

I april i fjor måtte 10.000 berlinarar evakuere då politiet uskadeleggjorde ei 500 kilo tung britisk bombe.

I 2017 måtte rundt 60.000 menneske evakuere frå eit område i Frankfurt medan ei 1,8 tonn tung britisk bombe vart uskadeleggjort.

(©NPK)