Annonse

Bompengar i Innlandet kan bli redusert

Gjennom ei prøveordning som skal vare i eitt og eit halvt år, vil regjeringa redusere bompengane på riksveg 3 og 25 i Innlandet.

Annonse

Dersom prøveordninga får tilslutning frå Innlandet fylkeskommune, vil ho innebere at taksten på hovudveg på riksveg 3 og 25 blir halverte, medan bilistane som passerer bomstasjonen på sideveg slepp å betale, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) seier at bompengeinnkrevjing på sideveg har gitt utfordringar for både vaksne og barn som bur og ferdast langs desse riksvegane. Mellom anna har sidevegen mellom Løten og Elverum fått meir trafikk.

– Derfor ønskjer vi òg å halvere bompengetakstane på hovudvegen for å sjå verknaden av dette. Det føreset at Innlandet fylkeskommune, som er garantisten for bompengelånet, sluttar seg til ei slik prøveordning, seier han.

(©NPK)

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) vil redusere bompengane på riksveg 3 og 25 i eit nytt prøveprosjekt. Foto: Ørn E. Borgen / NTB