Annonse

Bompengepartiet i Sandnes står fast ved eksklusjonen av Lind

FNB i Sandnes held oppe eksklusjonen av Alexandra Eva Lind. Dermed går lokallaget imot avgjerda frå hovudstyret - og meiner det er ei personalsak.

Ifølgje Stavanger Aftenblad varsla Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) i Sandnes fredag morgon hovudstyret om avgjerda si.

- Vi kjem no til å vende oss til styret i Stavanger med ei skriftleg tilbakemelding dei vi held fast på vedtaket vårt om eksklusjon og kjem til å vise i skriftleg form kvifor vi står fast ved dette, seier Ellen Karin Moen i Sandnes FNB.

Lind fekk 15. september eit brev frå Sandnes FNB om at ho var ekskludert frå partiet fordi det lokale styret ikkje hadde tillit til henne på grunn av ukollegial framferd. Hovudstyret i FNB avgjorde onsdag denne veka å oppheve eksklusjonen. Avgjerda vart grunngitt med at dei ikkje har fått dokumentasjon eller noko om grunnlaget for eksklusjonen av Lind, sjølv om dette er etterspurt fleire gonger.

Moen ønsker heller ikkje overfor Aftenbladet å seie noko meir om grunngivinga utover det som stod i vedtaket om eksklusjonen.

- Eg registrerer at Lind stiller seg uvitande til grunngivingane. Då forstår eg òg kvifor hovudstyret reagerer som det gjer. Men vi meinte då, og meiner no, at dette er ei personalsak, seier Ellen Karine Moen, som meiner innhaldet dermed er underlagt teieplikt.

(©NPK)

FNB gjorde det sterkt ved valet, mellom anna i Bergen, men partiet har også vore prega av interne konfliktar den siste tida. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix