Bondelaget: - Delar av landet har vorte eit ulvereservat

Bondelaget reagerer skarpt på regjeringas ulvevedtak. - Eit tillitsbrot, seier leiar Lars Petter Bartnes.

Trass i oppmoding frå rovviltnemndene om å ta ut tre ulveflokkar innanfor ulvesona, har regjeringa vedteke at berre Slettås-flokken skal takast ut.

- Med denne avgjerda gjer regjeringa og statsminister Erna Solberg (H) ein del av Noreg om til eit ulvereservat. Det er eit tillitsbrot og viser at regjeringa ikkje er til å stole på i rovviltpolitikken, seier Bartnes.

(©NPK)