Bondeorganisasjonane forhandlar med staten om klimaavtale

Bondeorganisasjonane møter måndag regjeringa for å forhandle fram ein etterlengta klimaavtale.

Norges Bondelag, Småbrukarlaget og regjeringa er i prinsippet samde om å inngå ein frivillig klimaavtale, men det har vore manglande framgang sidan juni i fjor, skriv Nationen.

- Så langt har regjeringa i stor grad stått stille ved utgangsposisjonen sin og vore lite villige til å drøfte verken form eller innhald i ein mogleg avtale. Det er ikkje forhandlingar. Eg håper no på eit konstruktivt møte, seier leiaren i Bondelaget Lars Petter Bartnes i ei pressemelding.

Bondelaget seier at «en eventuell avtale må legge til rette for økt verdiskaping og ta innover seg ny kunnskap om klimaløsninger og klimagassutslipp i landbruket».

Landbruksdepartementet ønsker ikkje å kommentere forhandlingsprosessen før møtet måndag.

(©NPK)

Leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix