Borgarleg samarbeid for Ap i kvar tredje kommune

Ap er skuffa over at Sp ikkje bind seg til raudgrønt samarbeid i lokalvalet, men Ap har sjølv tydd til dei borgarlege i 1 av 3 kommunar der dei har ordførarar.

Ap har ordførar i 205 kommunar. Regjeringspartia Høgre, Frp, KrF og Venstre bidrar med høvesvis 24, 5, 20 og 16 - til saman 65 - varaordførarar i desse kommunane, ifølgje Klassekampen.

Samtidig har Ap vore med på å sikre Høgre-ordførarar i elleve kommunar der Ap har varaordførarar.

Partisekretær Kjersti Stenseng (Ap) uttalte måndag at ho var skuffa over parlamentarisk leiar Marit Arnstads (Sp) utspel om at folk i Sp «trekker litt på skuldrene» av kravet om raudgrønt kommunesamarbeid. Den kritikken står Stenseng ved.

- Det er folka våre lokalt som avgjer kven dei skal samarbeide med og det er mykje som påverkar desse vala. Men vi bør sende eit tydeleg signal om at det er raudgrøn makt som er det beste utgangspunktet for politisk samarbeid i kommunane, seier ho.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er ikkje overraska over Ap samarbeid på kryss og tvers av det politiske kartet.

- I skulespørsmålet er vi og Ap usamde. Dei vil sentralisere, medan vi vil halde på lokalskulen, seier han.

(©NPK)

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, står fast ved at det er raudgrønt samarbeid i kommunevalet som gir det beste politiske samarbeidet lokalt. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix