Annonse

Borgarting ber om at ein igjen går inn for tre fagdommarar

Lovendringa som fjerna juryordninga, har svekt fagkompetansen i lagmannsretten, meiner Borgarting lagmannsrett. Dei meiner at tre fagdommarar må førast inn att.

Annonse

Det er i eit brev til Justisdepartementet at førstelagmann Marianne Vollan og lagmann Hans Petter Jahre tek til orde for å endre kurs, melder Rett24.

I dag blir lagmannsretten sett med to fagdommarar og fem meddommarar i straffesaker som omfattar bevisvurderinga under skuldspørsmålet. I andre saker er hovudregelen framleis at lagmannsretten skal setjast med tre fagdommarar. Dette meiner dei to er eit paradoks.

– Det er vanskeleg å sjå ei god grunngiving for at det skal vere færre fagdommarar i ei alvorleg straffesak enn til dømes i ei ordinær sivil sak om eit betalingskrav, skriv dei i brevet.

Justisdepartementet opplyser til nettavisa at dei ikkje vil kommentere brevet frå Borgarting, men at dei følgjer utviklinga.

Leiar i Advokatforeningen, Jon Wessel-Aas, har forståing for ønsket frå Borgarting, men meiner at dersom talet på fagdommarar blir auka, må òg talet på meddommarar aukast forholdsmessig.

– Når det neppe lèt seg gjennomføre per i dag, på grunn av den fysiske innreiinga til rettssalane, bør ein derfor halde fram som no, seier han.

(©NPK)

Borgarting lagmannsrett meiner at tre fagdommarar bør førast inn att i straffesaker som omfattar bevisbedømming under skuldspørsmålet. Foto: Berit Roald / NTB scanpix