Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AP): Boris Johnson ville ikkje orsaka nedlatande utsegner frå fortida då han tysdag heldt sin første pressekonferanse som Storbritannias utanriksminister.
npk@npk.no
Publisert: 19.07.2016 kl 20:24
Johnson tok imot sin amerikanske kollega John Kerry i London, og hovudtemaet for samtalene deira var konflikten i Syria. Då dei saman møtte pressa i London, fekk Johnson nokre fiendtlege spørsmål, rapporterer BBC.
På spørsmål om han hadde lyst til å be om orsak for tidlegare merknadar om verdsleiarar, svarte Johnson:
– Vi kan bruke mykje tid med å gå gjennom alt mogleg som eg har skrive dei siste 30 åra.
Han meinte at alt var «tatt ut av kontekst» og insisterte på at ting no må dreie seg om den humanitære krisa i Syria, IS og andre tema han diskuterer med Kerry som utanriksminister.
Johnson har mellom anna samanlikna Hillary Clinton med ein «sadistisk sjukepleiar på mentalsjukehus». 52-åringen kom òg i hardt vêr da han i vår viste til Barack Obamas kenyanske røter.
Under pressekonferansen i London ville ikkje dei amerikanske journalistane la Johnson sleppe lett unna med å feie temaet under teppet. Utanriksministeren svarte med å seie at det vil ta altfor lang tid å be om orsak til alle han har nemnt.
Seinare tysdag skal Kerry og Johnson møte utanriksministrane frå Tyskland, Frankrike og Italia for å diskutere Syria.