Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Oljeprisen og aksjemarknadar fleire stadar i verda stig idet britane skal avgjere om dei blir verande i EU.
npk@npk.no
Publisert: 23.06.2016 kl 09:47
London-børsen steig 0,5 prosent då aksjehandelen begynte torsdag morgon, kort tid etter at stemmelokala opna over heile Storbritannia.
Også på børsane i Oslo, Tyskland og andre europeiske land peikte pilene oppover. I Tokyo hadde Nikkei-indeksen stige 1,07 prosent då børsen stengde der, mens Hongkong-børsen hadde stige 0,2 prosent midt på dagen lokal tid.
Oljeprisen steig i Asia før sola stod opp over Europa, og ved 9.30-tida norsk tid var prisen for eit fat nordsjøolje 0,7 prosent høgare enn dagen før.
Oppgangen på børsane og i oljemarknaden blir tolka som at investorane framleis forventar at britane vil stemme for framleis EU-medlemskap. Mange ekspertar har spådd ein økonomisk nedtur dersom Storbritannia melder seg ut av unionen, men kor alvorleg denne eventuelt blir, er usikkert. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.