Annonse

Børsen avslutta veka med svak nedgang

Etter ei veke som starta med rekord, men sidan heldt fram med nedgang, enda hovudindeksen på Oslo Børs fredag på 1.062,90 poeng, ein nedgang på 0,05 prosent.

Fredag ettermiddag fall oljekursen, og eit fat nordsjøolje vart omsett for 63,05 dollar fatet. Også aksjekursane for dei mest omsette selskapa gjekk tilbake. Equinor fall 1,28 prosent og Yaras aksjekurs enda ned med 1,3 prosent. Kahoot har falle gjennom heile veka og fortsette nedturen fredag med eit ytterlegare fall på 1,34 prosent.

Norwegian Air Shuttle og Storebrand vart blant selskapa som fall mest gjennom dagen med nedgang på høvesvis 5,68 og 5,39 prosent.

Men nokre selskap opplevde likevel medvind fredag. Seismikkselskapet PGS steig heile 14,31 prosent etter at investeringsbanken Carnegie tilrådde aksjen, skriv E24. Også kreftforskingsselskapet Bergenbio gjekk opp solide 13,36 prosent utan at det hadde komme nokre spesielle nyheiter om selskapet.

Ute i Europa gjekk børsane både opp ned utan dei heilt store utslaga. Tyske DAX 30 steig med 0,15 prosent, og i Paris gjekk CAC 40-indeksen så vidt i minus fredag ettermiddag. I London sokk FTSE 100-indeksen med 0,38 prosent.

(©NPK)

Foto: Erik Johansen / NTB