Annonse

Børsfall etter Trump-truslar om høgare toll

Børsane fell etter at president Donald Trump trua Kina med auka tollsatsar på kinesiske varer.

Annonse

Børsane i mellom anna London, Frankfurt, Shanghai og Tokyo fell, etter at Kina og USA ikkje har klart å bli samde om å avslutte handelskrigen.

Den kinesiske regjeringa og president Trump har hatt møte og prøvd å einast om ein mellombels avtale.

Seint tysdag sa Trump at ein avtale kunne skje snart, men at han var førebudd på å auke tollsatsane kraftig om det ikkje skjedde.

Etter at dei europeiske børsane hadde vore opne ei stund onsdag, hadde alle falle.

Londons FRSE gjekk ned med 0,4 prosent, Frankfurts DAX fall 0,5 prosent, Frankrikes CAC fall 0,5 prosent, medan Wall Street, Standard and Poors 500 index og Dow Jones Industrial Average fall med 0,3 prosent.

(©NPK)

President Donald Trump trua tysdag med å auke tollen på kinesiske varer.
Foto: Kevin Wolf / AP Photo / NTB scanpix