Annonse

Børsveka avslutta med svak nedgang

Hovudindeksen på Oslo Børs enda veka på 830,76 poeng og ein nedgang på 0,94 prosent.

Annonse

Veka på Oslo Børs opna med oppgang som snudde til mørkare dagar torsdag og fredag.

Equinor som var den mest omsette aksjen fredag, fall med 0,79 prosent. Elles på lista over dei fem mest omsette aksjane var det berre Telenor som fekk ein auke, som var på 1.58 prosent. Prisen for Marine Harvest- aksjen fall med 1,81 prosent, DNB gjekk tilbake med 1,82 prosent og Aker BP enda med ein nedgang på 1,50 prosent.

Oljeprisen rett før klokka 17.00 var på 60,62 dollar for fatet.

Ved dei leiande børsane i Frankfurt, Paris og London var bildet omtrent som i Oslo. DAX 30 i Frankfurt fall 0,67 prosent, FTSE 100 i London fall 0,44 prosent og CAC 40 i Paris 0,90 prosent.

Handelen på dei amerikanske børsane starta fredag med ein liten oppgang med 0,29 prosent, mens Nasdaq fall med 0,39 prosent.

(©NPK)

Oslo Børs. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix