Annonse

Bosnia vil tømme sterkt kritisert teltleir

Bosnia vil stengje teltleiren ved den kroatiske grensa der hundrevis av migrantar lever under elendige forhold. Neste veke skal dei innkvarterast andre stader.

Annonse

Den provisoriske Vucjak-leiren utanfor Bihac nordvest i Bosnia er utan både vatn og straum, og dei som bur der må gå til næraste busetnad for å tigge vatn.

Forholda er svært uhygieniske og har vorte endå verre etter kvart som vinteren har sett inn.

Ifølgje Bosnias tryggingsminister kjem leiren til å bli stengt i byrjinga av neste veke. Bebuarane skal flyttast til andre stader i landet.

Grunnen til at migrantane har slått seg ned akkurat her, er at dei ønsker seg vidare inn i EU-landet Kroatia, men grensa er strengt vakta, og mange som prøver å ta seg over, blir arrestert. Fleire migrantar skal ha vorte kledd nesten nakne og fråtatt alle eigedelar før dei har vorte sende tilbake over grensa til Bosnia.

Internasjonale hjelpeorganisasjonar har fleire gonger varsla om at leiren er ueigna for menneske fordi den ligg på ei gammal søppelfylling i nærleiken av eit minefelt som stammar frå krigen på Balkan på byrjinga av 1990-talet.

– Levevilkåra for hundrevis av menneske i den provisoriske Vucjak-leiren er skammeleg, sa Dunja Mijatovic, Europarådets menneskerettskommissær, då ho tidlegare i veka besøkte leiren.

Ifølgje Mijatovic manglar mange av bebuarane ordentlege klede og sko.

– Det er umenneskeleg og uakseptabelt å halde menneske under slike vilkår, fastslo ho.

(©NPK)

Hundrevis av migrantar har slått seg ned i Vucjak-leiren utanfor Bihac nordvest i Bosnia. Mange av bebuarane har dei siste dagane slutta å ete og drikke i protest mot forholda. Foto: Darko Bandic / AP / NTB scanpix

Pakistanske Aftab Tariq (27) vaskar seg ute i snøen i Vucjak-leiren. Biletet blei tatt tysdag denne veka. Foto: Darko Bandic / AP / NTB scanpix

I neste veke vil bosniske styresmakter flytta hundrevis av migrantar frå den provisoriske leiren ved grensa til Kroatia. Foto: Darko Bandic / AP / NTB scanpix

Europarådets menneskerettskommissær Dunja Mijatovic besøkte denne veka Vucjak-leiren. Foto: Darko Bandic / AP / NTB scanpix