Annonse

Brækhus får revansjmoglegheit mot McCaskill 13. mars

Cecilia Brækhus får 13. mars sjansen til å vinne tilbake tittelbelta frå amerikanaren Jessica McCaskill. VM-kampen skal gå i Dallas.

Annonse

Kampen blir avvikla på heimearenaen til NHL-laget Dallas Stars og NBA-laget Dallas Mavericks.

Brækhus var utan tap som profesjonell boksar inntil ho tapte for den amerikanske boksaren McCaskill i august i fjor. Det skjedde i den 37. proffkampen hennar, og ho mista alle dei fem tittelbelta sine. No vil ho vinne dei tilbake.

– Eg er supermotivert. Alt handlar om å ta tilbake belta mine. McCaskill er det første eg tenkjer på når eg vaknar, og det siste eg tenkjer på når eg legg meg. Eg skal bevise at eg er best, seier Brækhus i ei pressemelding.

Betre førebuing

Allereie før jul reiste ho til USA for å starte treninga i Big Bear i California. Før den første kampen mot McCaskill var Brækhus koronafast i Big Bear i sju månader. Det innebar at høgdetreningsopphaldet vart for langvarig, og ho vart overtrena.

– Sist var eg ikkje til stades hundre prosent verken fysisk eller mentalt. No har eg fått tre gode månader til å kvile, reparere kroppen og trene styrke og kondisjon i ro og fred heime i Noreg, seier ho.

Denne gongen blir treningsleiren mykje kortare.

Ekstra motivasjon

Etter fjorårssigeren brukte McCaskill og manageren hennar Rick Ramos store ord då dei kritiserte prestasjonen til Brækhus i tittelkampen. Det heitte mellom anna at den norske «førstedama» var gammal, treig og forvirra.

– Dei negative kommentarane hennar er med på å motivere meg endå meir til å straffe henne i ringen. Eg har inga interesse av å søkke ned på deira nivå. Den usportslege åtferda hennar viser at ho ikkje er verdig å bere desse belta, seier Brækhus.

– No skal belta heim!

(©NPK)

Cecilia Brækhus skal prøve å finne tilbake VM-belta sine frå Jessica McCaskill i Dallas 13. mars. Foto: Ed Mulholland / Matchroom / NTB