Brækhus går til omkamp mot McCaskill i 2021

Cecilia Brækhus har brukt retten til å krevje ein omkamp mot Jessica McCaskill, som ho tapte alle VM-belta sine til i august.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Brækhus' promotor Matchroom Boxing.

Etter å ha tapt for første gong som profesjonell boksar tok Brækhus noko tid til å tenkje over om ho skulle leggje opp eller halde fram karrieren. 38-åringen har no landa på sistnemnde.

Brækhus var verdsmeister i weltervekt i alle dei fem internasjonale bokseforbunda fram til ho tapte mot McCaskill i Tulsa, Okhlahoma 15. august. Før det hadde ho vunne 36 strake proffkampar.

Omkampen mot McCaskill skal ifølgje Matchroom gå tidleg i 2021.

(©NPK)

Cecilia Brækhus (t.v.) held fram boksekarrieren og går til omkamp mot Jessica McCaskill på nyåret.
Foto: Ed Mulholland / Matchroom / NTB scanpix