Brækhus uviss på framtida – kan få returkamp mot McCaskill

Cecilia Brækhus seier ho ikkje har bestemt seg for om ho legg opp som proffboksar. Boksedronninga har krav på returkamp mot amerikanske Jessica McCaskill.

Den norske 38-åringen mista alle fem tittelbelta då ho i midten av august tapte mot McCaskill. I den 37. proffkampen hennar – over 13 år etter den første – kom det første tapet.

Etter kampen antyda 38-åringen at karrieren kunne vere over, men i eit intervju med VG heng spørsmålet framleis i lufta.

– Eg har ikkje teke den avgjerda 100 prosent enno, seier Brækhus som også fortel at ho ifølgje kontrakten har krav på ein returkamp og dermed moglegheita til å vinne tilbake belta.

Dermed er det òg litt i det blå kva den næraste tida bringar for den norske boksedronningen.

– Eg skal finne vegen vidare. Eg har fått førespurnader om jobb og framsyningar, men eg må først ta ei avgjerd om returkampen mot McCaskill, seier Brækhus.

(©NPK)

Cecilia Brækhus (t.v.) tapte i august mot Jessica McCaskill (t.h). Ho er usikker på om ho held fram boksekarrieren. Foto: Ed Mulholland / Matchroom / NTB scanpix