Annonse

Brannfarleg vifte blir kalla tilbake

Vifteprodusenten Flexit kallar tilbake baderomsvifta Silent Eco etter at vifta fleire gonger har halde på å ta fyr.

Annonse

- Vi ber innstendig om at folk, dersom dei er i det minste tvil, sjekkar kva vifte dei har, seier Knut Skogstad, administrerande direktør i Flexit, i ei pressemelding, ifølgje NRK.

For å åtvara mot den brannfarlege vifta har Flexit valt å senda brev til alle dei rundt 2,3 millionar husstandane i Noreg.

- Vi ber innstendig om at folk, dersom dei er det minste tvil, sjekkar kva vifte dei har, seier Skogstad.

Om ein oppdagar at ein har den brannfarlege modellen i heimen, demonter vifta og ta kontakt med Flexit for å få installert ei ny vifte, er beskjeden frå vifteprodusenten.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er varsla om saka.

(©NPK)