Brannvesenet ber folk ta med vatn til bålsløkking

Planar om skogstur med båltenning? Ta med nok sløkkevatn, oppmodar brannvesenet i Vestfold.

– Brannfaren i terrenget er aukande. Ein gneist kan antenne tørt fjorårsgras, skriv brannvesenet på Twitter fredag. Dei har tvitra fleire liknande meldingar der dei minner om brannfaren.

– Å forlate eit bål er aktlaust, og fører det til brann, ber du ansvaret. Du får førelegg av politiet og kan bli erstatningspliktig, seier vakthavande brannsjef Einar Flogeland.

Anten folk finn forlatne bål i skogen, eller planlegg å tenne eit sjølv, må dei hugse på å ta med nok vatn, gjerne ein til to 1,5 literflasker, påpeikar brannvesenet.

– Takk for at du ber med deg den ekstra børa for branntryggleiken!, skriv dei.

(©NPK)

Den som planlegg å tenne bål i skogen, må sørgje for å ha nok vatn til å sløkke det, oppfordrar brannvesenet i Vestfold. Foto: Gorm Kallestad / NTB