Annonse

Bransjeorganisasjon fryktar at filmar ikkje blir sleppte på kino i haust

Norske kinoar hadde ein nedgang i besøk på 65 prosent i juli. Produsenten av «Børning 3» vurderer å halde igjen filmen om ikkje fleire kan samlast i salane.

Annonse

Klassekampen skriv at åtte av ti kinosete er sperra av på grunn av einmetersregelen, som i Noreg blir målt frå skulder til skulder. Bransjeorganisasjonen Film & Kino ber om endring slik at avstanden blir målt frå nase til nase, noko som vil gjere at annakvart sete kan nyttast.

Viss ikkje fryktar organisasjonen at filmar ikkje vil bli sleppte utover hausten.

– Viss vi kan auke kapasiteten til annakvart sete, vil det bli meir attraktivt å sleppe filmar på kino. Utan nytt innhald kan vi like gjerne stengje igjen, seier direktør Guttorm Pettersson i Film & Kino til Klassekampen.

Produsent av «Børning 3», John M. Jakobsen, seier til avisa at han føreset at tolkinga av regelverket blir endra før filmen skal ha premiere 30. september.

– Viss det ikkje skjer, må vi vurdere om vi kan halde på den datoen. Vi har ikkje noko imot einmetersregelen, men vi reagerer på korleis han er tolka, seier han.

(©NPK)

Det kjem svært få gjester til norske kinoar som følgje av koronarestriksjonane. Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix